Vestlandsnytt: Fortryllande julekonsert

Vestlandsnytt

I ein lang serie med julekonsertar i Fosnavåg var Jarle Waldemar og barnekora Lisjefrik og Baluba sin julekonsert den einaste som krydra med trylling, og ungane i salen storkosa seg.

Tekst og foto: Jan Magne Goksøyr

Jarle Waldemar besøkte Fosnavåg som ein av 20 stoppestadar på sin juleturne, og han viste at formidling til barn er noko han har taket på. Konserten starta med tittelsporet på juleplata hans ”La det sne” og allereie frå første song fekk han publikum med seg. Barnekora hadde øvd inn nokre songar som dei fekk være med på, og dei var tydeleg klar for å få synge med helten i frå Jarle TV.

Hedda Berge Hoff fekk være medhjelpar når Jarle trylla vekk julekuler i nissehua og måtte medgi at kula ikkje var verken under arma eller i munnen. Dette er ein av spesialitetane til Jarle både når han held konsert og på Jarle TV, som er kristent barne TV seldt på DVD over heile Norge.

Dei unge solistane hausta også stor applaus frå publikum, og det var ikkje berre fordi foreldre og besteforeldre sat i salen. Julesongane ”En stjerne skinner i natt”, ”Nå tennes tusen julelys”, ”Julekveldsvisa” og ”Kongens by” vart alle framførte med stort engasjement av dei lokale stjernene.

Rosa prinsesser

Jarle fekk tidlegare i veka brei dekning i NRK for si nye barnebok ”Prisesser i Bibelen”. Meir eller mindre sjølvoppnemde ekspertar som NRK hadde snakka med meinte det var lite politisk korrekt å lage ei rosa om kvinnene i Bibelen. Jarle seier at han ville lage ei bok som trekte fram nokre av dei mange positive kvinnehistoriene i Bibelen, og ville gje boka ei innpakning som fenga barna. Og ut frå køa ved salgsbordet etter konserten såg det ut til at mange små prinsesser får ei spanande bok under juletreet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: