(Grannar) Feira trusopplæringa

Jarle Waldemar

Trusopplæringa i Vindafjord har fått eit løft og for å markera igangsetjinga av dette var alle barn i grunnskulane i kommunen invitert til stor fest på Lundeneset. Eit populært tiltak som fylde heile gymsalen.

Av Grethe Hopland Ravn, Grannar
Rundt 100 barn og til saman 240 personar møtte til fest på Lundeneset torsdags kveld. For når ein skal markera eit slikt løft for trusopplæringa som Vindafjord kommune no har fått, er ein skikkeleg fest på sin plass. …

I gymnastikksalen på Lundeneset var det denne kvelden både liv og røre. Salen var full av barn heilt frå dei aller yngste til dei eldste som snart er myndige. Likevel var hovudvekta barn i småskuletrinna, og trass i at klokka drog seg utover kvelden var det ikkje eit gjesp å sjå. Truleg skuldast dette Jarle Waldemar som er ein norsk formidlar, artist og forfattar. Han var eit fyrverkeri på scenen og hadde barna i si hole hand gjennom heile kvelden. Jarle Waldemar brukte heile seg i forteljinga frå scenen og fekk hjelp av både barn og vaksne i formidlinga. Kvar gong han hadde behov for hjelp frå salen, spratt fleire titals hender opp i vêret for dei ønskte så gjerne å få vera med å hjelpe til. Jarle Waldemar er utdanna allmennlærar, men jobbar også som barne- og familiepastor i Klippen i Sandnes. Han reiser rundt i heile landet og presenterer evangeliet gjennom song, trylling og andakt.

Jarle Waldemar

— Eg synest songen og dansinga
var kjempekjekk. Han Jarle
Waldemar var veldig flink til å
fortelja historier, seier 12 år gamle
Ruben Lunde frå Ølensvåg.
Kameraten hans Fredrik
Korneliussen var heilt einig.
— Eg synest det var aller
kjekkast når han trylla. Jarle
Waldemar var kjempeflink til å
trylla og så var han veldig morosam,
seier han.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: