(vestnytt): Friskt pust i kvardagen

Vestnytt Jarle Waldemar

Den kristne artisten Jarle Waldemar gjorde torsdagen til ei spesiell oppleving for elevar, lærarar og foreldre ved Danielsen Sotra.

STRAUME: Jarle Waldemar hadde nemleg undervisning og sang med elevane på føremiddagen, inspirasjonsføredrag for lærarane på ettermiddagen og konsert for heile skulen på kvelden. Frå føremiddagen til ut på kvelden
vart den velkjende bodskapen om mannen frå Nasaret lagt fram på nye måtar.
– Eg prøver å presentera kristendommen på ein interessant måte, mellom anna gjennom song og drama. Det er kjekt å koma hit å treffa elevane og få synga og spela ut drama saman med dei, seier Jarle Waldemar.
Artisten nyttar jamvel trylling i ein del show, men tryllekofferten var ikkje med til Sotra torsdag. Målet er å unngå det kjedelege og trauste som ofte vert forbunde med kristen formidling.

Barneevangelist
– Eg ønskjer å vera eit friskt pust for publikum i alle aldrar. Sjølv kallar eg meg barneevangelist, målet er å gjera evangeliet levande for ungane. Difor brukar eg humor som verkemiddel, samstundes som eg tek vare på alvoret
i bodskapen, seier Waldemar. Gjennom ti år som artist har han gjeve ut diverse CD-ar og DVD-ar med song og musikk, samt produsert Jarle-TV saman med resten av familien. Waldemar er også forfattar av ei rekkje
barnebiblar og familieandaktsbøker og har gjeve ut ei rekkje produkt med kristent innhald.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: