Barnefestival på Nærbø

Lørdag 1. oktober var igjen kyrkja på Nærbø stappfull av glade ungar og foreldre! Ca 800 fant vegen til kyrkja denne dagen, og lenge før startsignalet gjekk, var benkene fylte opp.

I år er barnefestivalen 5 år, og det vart ei storslått feiring! Kyrkjekaninen som bur i kjellaren i kyrkja, hadde invitert mange av vennene sine, Mikke og Minnie Mus, Tigergutt, fisken Nemo og ikkje minst Hello Kitty. Dørklokka ringte gong på gong, og venner kom inn, til stor jubel i salen.

Selskapet rigga seg på det nye, flotte podiet i kyrkja, som var blitt klart til anledninga. Podiet er heva til 65 cm, og det gjorde mykje for at alle i heile salen såg godt kva som skjedde framme. Feiringa innebar både kake med 5 lys, ballongar, flagg og fisepute!

 

Kaninen hadde forberedt seg godt til feiringa av barnefestivalen, og hadde til og med bestilt pakke som ikkje festivalsjefane Gjertrud Lervik og Åslaug Lindland visste om. Ove Postmann (Håland) utførte jobben sin med stil også denne laurdagen, og fekk pakken trygt levert der den skulle. Det var siste plass på ruta hans, og jammen fekk han også levert ein pakke til ein av tilhøyrarane i salen, til lett humring frå dei andre vaksne på festivalen.

 

Høgdepunktet var pakka inn i gullpapir, Jarle Waldemar! Han hadde ein spennande halvtime med mykje song, og ikkje minst trylling. Han trylla fram både teikningar og fargar i Bibelen sin, og formidla om Peter som gjekk på vatnet ved hjelp av ivrige ungar som ville hjelpa.

Samlinga i kyrkjerommet vart avslutta med eit ”barnefestivalkor” på nærare 100 ungar som hadde øvd fredag ettermiddag i lag med Jarle Waldemar.

 

 

 

Etter samlinga var det mange kjekke aktivitetar, både inne og ute, oppe og nede i kyrkja. Det var fiskedam, snopebu, lagebord, lykkehjul, ansiktsmaling,gassballonger,hoppeslott, billøp, stikk-geværskyting, og ikkje minst pølser og kaker. Veret var strålande, så både store og små koste seg i mange timar denne laurdags ettermiddagen.

Inntektene frå festivalen går til det vidare arbeidet med sundagsskulane i Nærbø.

Me gler oss allereie til neste års festival!

Denne lysbildefremvisningen krever JavaScript.

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

%d bloggere like this: