Fitjar-Posten: Kjempe-bursdagsfest!

7115 Hentet fra http://www.fitjarposten.no. (Skrevet av Helga Rimmereid)

Laurdag var hovudfestdagen med heile 7000 gjester. Dei som ikkje fekk plass denne dagen fortsatte feiringa om søndagen. Det vart skikkeleg bursdagsfest med brus, pølser, hamburger, sjokolade, is og mykje fart og spenning for barn i alle aldrar.

Begge dagane var det søndagsskulesamling med bl.a. barneevangelist Jarle Waldemar. Han fortalde historia om Dronning Ester frå det gamle testamentet. Søndagsskuleungar fekk delta, og Olga Vestbøstad frå Fitjar fekk vera med i «misse-konkurranse» på slottet til kong Xerxes.

Ellers var det fritt fram på dei ulike aktivitetane. Her var noko for dei som likar seg best på landjorda, for dei som vil ha litt fart og spenning og for dei som vil ha stor fart, stor høgde og kraftig magasug.

Om laurdagen vart det ein del kø-trening, men alle nådde fram til aktivitane til slutt. Om søndagen var det «berre» 2000 besøkjande i parken så då var det så god plass at ein kunne gå direkte frå aktivietet til aktivitet utan å stå i kø.

«Ditta va ein kjempekjekk bursdagsfest», sa ungane, trøtte og fornøgde på ferja på veg heim. Når kvalmen hadde gitt seg hos dei vaksne var dei einige dei og; dette var ei kjempevellukka bursdagsfeiring som det var kjekt å få vera ein del av.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

%d bloggere like this: